En støttegruppe for Misjonsalliansens arbeid i Ecuador

Avslutningsshow

Torsdag var siste dagen på ferieskulane som var arrangerte på fleire av samarbeidsskulane til Misjonsalliansen. Eg tok turen for å få med meg avslutningsshowet på ein av dei.

Tre av samarbeidsskulane våre har vore så heldige å få låne volontørar, og på torsdag tok eg turen til ein av desse skulane for å få med meg avslutnigsshowet. Ferieskulane er eigentlig som ein slags SFO, der det er fokus på å ha det morosamt i ferien. Christina, som har vore med teikneklassa, kan bekrefte nettopp dette. Men Cecilie, som har vore med i danseklassa, er noko usikker på om danselæraren hennar heilt har fanga denne tanken, for i dansetimane var det disiplin. Disiplin og øving må nemlig til om ein skal bli ein profesjonell dansar - det var mantraet til danselæraren. Men så har jo òg denne ferieskulen gitt gode danseresultat, som de kan sjå i videoen over.

Her følgjer eit knippe bilete frå avslutningsshowet:

Relaterte artikler
Land
Arbeidsområde
Folk
 

Powered by Cornerstone