En støttegruppe for Misjonsalliansens arbeid i Ecuador
Gamle utsendingar i gamle trakter

Gamle utsendingar i gamle trakter

Før helga kom dei gamle utsendingsfamiliane Bjerkreim og Eidsaa til Ecuador, for første gong sidan dei avslutta tenesta si i 2008 og 2009.

Gamle utsendingar i gamle trakterJunior uttrykkjer glede over å få vere tilbakeKvar torsdag har vi ei morgonsamling på kontoret. Denne varer frå ein halvtime til tre timar. Her er det sang, bønn, bibel og andakt. Og er det nokon som har hatt bursdag sidan sist, må desse fram på podiet slik at vi kan synge for dei og stille oss i kø for å gå fram og gratulere dei hjarteleg med dagen.

Gamle utsendingar i gamle trakterHerr Bjerkreim viser at spansken og kroppsspråket fortsatt er intaktBjerkreims og Eidsaas viste oss den store æra at dei vart med på denne samlinga i dag. Sjølvaste direktøren takka dei varmt og godt for det dei har betydd for Misjonsalliansen i Ecuador gjennom tenesta si. Sjølve måtte dei fram på podiet og fortelje litt om kva liva deira har bydd på dei siste åra.

Lina var så heldig å nett ha hatt bursdag, så saman med Carlos på kontoret måtte ho opp og fram og motta varme gratulasjonar frå alle og ein kvar. Denne bursdagsseremonien er verkeleg ei oppleving!

Gamle utsendingar i gamle trakterHurra for Lina og Carlos!Hurra for Lina og Carlos!

Gamle utsendingar i gamle trakterLang, lang rekkeLang, lang rekke

Kjære Bjerkreims og Eidsaas!
Velkomen tilbake! Det er kjekt å ha dykk på besøk og å ha det privilegium å kunne få lytte til dykkar endelasue kjelde av livsvisdom!

 

 

Powered by Cornerstone