En støttegruppe for Misjonsalliansens arbeid i Ecuador
- Jeg ville tilbakeMaria sammen med to av elevene på Centro Creer.

- Jeg ville tilbake

Tett på Maria Gjengedal
Maria er i Ecuador for andre gang, – og dette er langt i fra den siste! Hva er det som har fått henne til å bli så glad i dette landet? Det forteller hun om her.

TEKST: Synne Langeland

Maria Gjengedal er 22 år og jobber denne høsten som volontør på Centro Creer Sør, et av sentrene for funksjonshemmede barn i Guayaquil.

Hvorfor gjør du dette?

Der er fleire grunnar til kvifor eg gjer dette. Det å investere tid, pengar, innsats og energi i andre menneske er absolutt det beste ein kan gjer her på jord. Å tene andre menneske. Det passa veldig bra i forhold til studia å ta dette avbrekket og då eg fekk sponsa turen ned var ikkje valet så vanskeleg. Har vore i Ecuador før og ville tilbake. Det er slik eit fantastisk land.

 

Beskriv kort en volontørs dag:

Eg står opp ein gong mellom halv sju – sju, kjem heilt ann på kor trøytt eg er. Lagar meg ein stor og god fruktsalat før eg set meg inn i taxien. Så kjem vi fram til Centro Creer. Der er eg er med i ei klasse på åtte elevar frå 5-7 år. Der er eg assistentlærar og prøvar å hjelpe til der eg kan. Etter jobb er det gjerne ein tur på data, trening, lage mat og henge med dei andre flotte, fantastiske voluntørane. Og i helgane prøve vi å få reist så mykje som mogeleg.

 

Din største utfordring som volontør:
Min største utfordring som voluntør er absolutt jobben. Eg vil nok tørre å påstå at eg er i den mest utfordrande klassa av dei alle, og tålmodigheita mi blir verkeleg satt på prøve. Der er fleire av ungane som burde ha ein person med seg heile tida. Diverre har ein ikkje dei same ressursane i Ecuador som ein har i Noreg. Men vi gjer så godt vi kan og må vere nøgde med det. Ungane får hvertfall god hjelp når dei er på senteret. Elles hadde dei nok berre vore heime.
 
”Beste” språktabbe:
Har så klart gjort ein del feil i forhold til å bøye verb her nede, men kan ikkje heilt kome på ein spesifikk språktabbe eg har gjort.
 
Hva savner du hjemmefra:
Noko av det eg saknar mest heimafrå er dei fantastiske fjella vi har. Det å kunne gå på fjelltur når det skulle passe ein er absolutt eit sakn. Eg saknar også den fantastisk gode melkesjokolada og grove brød. Og så klart vennar og familie. Det skal bli godt å kome tilbake til gode, gamle Noreg.
 
Det beste ved Ecuador er:
Det beste med Ecuador er absolutt folka her nede. Det kan ikkje bli sagt for ofte kor fantastiske dei faktisk er. Dei er opne, hjartelege og varme på ein heilt spesiell måte.Eg følar eg blir meir utadvendt av å vere her nede, - følar nesten eg blir som eit nytt og forbetra menneske. Eg ma og nemne at gutane verkeleg er gentlemen her nede. Dei opne opp dørene for oss, løftene sekkane våre og vente med oss til taxien er komen. Ganske annerleis frå gutane i Noreg. 
 
Det verste ved Ecuador er:
Det verste med Ecuador er kanskje køkulturen. Folk kan verkeleg ikkje stå i kø i dette landet. Det gjer meg verkeleg irritert. Det å ta ”ein spansk ein” har fått ei ny tyding for min del. Ein kan heller sei ”å ta ein ecuadoriansk ein”. Korrupsjonen er ein anna ting eg ikkje likar med Ecuador, - det at ein kan kjøpe seg ifrå det meste.
 
Hva synes du om Misjonsalliansens arbeidsmåte?
Eg er mektig imponert over måten dei jobber på, myndiggjer folk. Det at dei kjem inn i eit område og høyre med folka kva dei treng, ikkje berre begynne med å bygge ein skule. Dei inkluderar lokalbefolkninga i alle stega i prosessen. Det er for at dei skal få ein eigarfølelese, at det er noko dei har jobba for sjølv og ikkje fått opp i hendene
 
Er det en person i Ecuador som har gitt størst inntrykk? Hvorfor akkurat ham/henne?
Den personen som kanskje har gitt det største inntrykket er nok fotballvoluntør Lucas. Vi volontørar var på besøk hjå Lucas og familien ein kveld. Dei skulle fortelje litt om livet sitt. Eg blei heilt satt ut av å høyre dei snakke. Eg visste ikkje heilt om eg skulle le eller grine, for det var berre så utruleg rørande å høyre dei fortelje om liva sine. Den gleda og takknemlegheita dei viste til livet var heilt utanom det vanlege. Sjølv kor lite dei hadde, gav dei oss så masse.  
 
Hva er ditt favorittsted i Guayaquil?
Er veldig glad i spisestaden Frutabar. Eg reiser dit for å drikke juice så ofte eg kan. Elles er eg svært glad i å danse salsa i Las Peñas, eit område i sentrum av Guayaquil. Eg har blitt heilt avhengig!
 
Din favorittmat i Ecuador:
Min absolutte favoritt her er utan tvil maracuya-juice. Det er ingenting som kan samanliknast med den:)
 
Hva skal du gjøre når du kommer hjem?
Når eg kjem heim skal eg fortsette på psykologistudiet. Draumen min er å bli utdanna psykolog slik eg kan kome tilbake til Ecuador og jobbe for Misjonsalliansen:)
 
Hva vil du ta med deg hjem til Norge?
Eg vil blant anna ta med meg ein heil del minne. Vi har hatt det så fantastisk kjekt ilag vi voluntørane og med dei vennane vi har fått her nede.
 
Hva kommer du til å savne mest?
Eg kjem til å sakne folka her nede. Dei er berre så fantastiske!! Heldigvis skal eg og familien min tilbake i august, så det blir ikkje så lenge til eg skal tilbake og får sjå dei igjen.
 
Nevn minst én god grunn for å bli volontør!
Det å gjere ein innsats for andre er nok den beste grunnen eg kjem på for å bli volontør. Vil ein ha eit semester utanom det vanlege bør ein verkeleg bli volontør. Ein får bli kjend med ein ny kultur på ein heilt unik måte og få nye, gode venner. Det er verkeleg noko ein ikkje bør gå glipp av!!!

Land
Arbeidsområde
 

Powered by Cornerstone