En støttegruppe for Misjonsalliansens arbeid i Ecuador
Ville gje noko attendeIda i samtale med ein rektor paa ein skule. FOTO: KAROLINE PEDERSEN

Ville gje noko attende

Tett på Ida Nerheim
Ida både elskar og hatar varmen i Ecuador, og kjem til å sakna det å alltid ha god tid når ho reiser heim att til Noreg. Les meir om korleis ho har det som volontør her!
TEKST: Ida Nerheim

Ida Nerheim er 22 år og kjem frå Suldal i Rogaland. Denne våren har ho vald å jobba som informasjonsvolontør på Misjonsalliansen sitt hovudkontor i Guayaquil.

Kvifor gjer du dette?
 

Å gje fem månadar av livet mitt til frivilleg arbeid var eit lett val. Eg hadde lyst å gjera noko med meining – rett og slett gje noko attende. Me som bur i Noreg er priviligerte og har det eigentleg alt for godt. Eg trur det er viktig å eksponera seg for ting utanfor vår eiga litle og trygge boble, og å sjå korleis menneske utan same heldige utgangspunkt som oss faktisk har det. Og å i tillegg få kombinera dette med reising, nye opplevingar, ein ny kultur og moglegheita til å læra spansk betre, er fantastisk!

Forklar kort ein volontør sin dag:
 

Dagen byrjar umenneskeleg tidleg. 07.15 står taxien klar, og etter ein halvtimes kjøretur og eit par stopp for å sleppa av andre volontørar, er eg framme på hovudkontoret. Her sit eg på kontor og arbeidar på PC. Eg skriv artiklar og intervju til nettsidene, og redigerer bilete og internettsider. Somme dagar sit eg på kontoret heile arbeidsdagen, andre dagar er eg ute i områda og tek bilete og intervjuar folk. Arbeidsdagen er over ved lunch, og då går turen heim til Casa Alianza. Ettermiddagane og kveldane varierer. Avslapping, handling, spanskundervisning, film, volleyball, matlaging, soling, volontørkveldar og kino er berre noko av det me tek oss til.

Din største utfordring som volontør:
 
Her kunne eg snakka om både språket, varmen og kulturskilnadar. Og dette er til tider store utfordringar. Men eg trur at den største utfordringa som volontør ventar når eg kjem heim att til kvardagen i Noreg. Utfordringa til å ikkje gløyma, til å ikkje gå attende til mi litle boble og tenkja at alt er vel i mi verd – så difor er vel alt vel i resten av verda og. Utfordringa til å ta med meg det eg har opplevd, sett og lært her, og bruka det. Rett og slett utfordringa til å framleis vera engasjert.
 
”Beste” språktabbe:


Med litt spanskkunnskaper frå før, skal eg innrømma at eg ikkje har hatt dei store språktabbane. Men vanen med å berre smila, nikka og le utan å eigentleg høyra etter, har eg ikkje heilt klart å leggja frå meg.

Kva saknar du heimanfrå:


Tine Mjølk! Å sova med dyne. Å kunna setja meg i bilen og køyra kor eg vil, kva tid eg vil. Å ikkje konstant måtta sjå meg over skuldra. Blir det feil om eg ikkje skriv familie og vener her? Mamma – eg er lei for det – men eg saknar deg eigentleg ikkje.

Det beste ved Ecuador er:


Varmen. Menneska. Frukta. Å ha god tid. Mine medvolontørar. Gleda og smila ein vert møtt med. Å vera vitne til at bistand faktisk nyttar. Aircondition.

Det verste ved Ecuador er:


Varmen (ja, eg veit at eg motseier meg sjølv). Kriminaliteten. Dei utruleg store skilnadane mellom fattig og rik. Trafikken.

Kva synest du om Misjonsalliansen sin arbeidsmåte?

Rett og slett fantastisk! Det at dei går inn i eit område og spør ”Kva kan me gjera for dykk?”, i staden for å til dømes berre gje penger, er genialt. Eg likar dette med at dei lokale faktisk får eit eigarskap til prosjekta, og må sjølv bidra til å gjera framtida si betre. Misjonsalliansen kjem på ingen måte med ei ferdig ”pakkeløysing”, men det er tydeleg at denne måten – gjennom empowerment – gjev resultat.

Er det ein person i Ecuador som har gjeve størst inntrykk? Kvifor akkurat han/ho?

Det er mange menneske som gjer inntrykk, både i jobbsamanheng og på fritida, og det er vanskeleg å trekka fram ein einskild person. Historiane ein får høyra er mange, og varmen, gleda og pågangsmotet hos folk er fantastisk å sjå. I tillegg må eg seia at utsendingane her har gjeve inntrykk. Det er imponerande og inspirerande korleis dei har reist frå det nære og kjære i Noreg for å via fleire år av liva sine til arbeidet som vert gjort her!

Kva er din favorittstad i Guayaquil?


Heilt ærleg må eg innrømma at eg ikkje likar Guayaquil – eg tykkjer eigentleg ikkje byen er noko fin. Så favorittstad? Frutabar, kanskje, kor dei serverer verdens beste juice og sandwich. Og Planet Ice Cream!

Din favorittmat i Ecuador:


Vaniljeis med Oreo-kjeks! Og pasjonsfruktjuice!

Kva skal du gjera når du kjem heim?


Det aller første eg skal gjera er å eta ein god norsk frukost! Så skal eg sova ei veka. Innimellom sovinga er planen å treffa igjen familie og vener. Ei veke etter at eg er komen heim er det tid for sommarjobb, før hausten kjem med flytting og studiestart.

Kva vil du ta med deg heim til Noreg?


Utruleg mange flotte minner og opplevingar! Og så skal eg ikkje sjå vekk frå at det havnar nokre suvenirar i bagasjen som eg kjem til å lura på kvifor eg eigentleg har teke med meg heim.

Hva kjem du til å sakna mest?


Menneska. Varmen, smila og gjestfridomen. Mine medvolontørar. Å alltid ha god tid, sjølv når ein eigentleg ikkje har det.

Nemn minst éin god grunn for å bli volontør!


Her trur eg rett og slett eg siterer min medvolontør Mila: ” Nevn en grunn til å ikke bli det!”. Dette er ei oppleving for livet – noko som set ting i perspektiv. Har du sjansen – grip den! Du kjem ikkje til å angra.

Land
Arbeidsområde
 

Powered by Cornerstone