En støttegruppe for Misjonsalliansens arbeid i Ecuador

Don Juan

- Hei, jeg heter Juan! Jeg har kone, fire barn, og jeg jobber hele dagen på en knappefabrikk. Bli kjent med don Juan, som har sin egen knappefabrikk! Se video!

Don JuanDon Juan viser fram nøttene sineDon Juan, eller herr Juan, om du vil, er kunde i D-Miro. Han har teke opp lån for å bruke på knappeproduksjonen sin. I bakgården sin har han ei bedrift med seks fast tilsette, samt ungdomar som av og til er innom for å tene seg ein slant. Dei lagar knappar av tagua-nøtta, som er ei nøtt som veks på nokre typar palmetre. Om ein let denne nøtta tørke ei stund, vert den veldig hard og kan difor egne seg til knappar. For dei reisevante, er dette den same nøtta som vert brukt på dei trebeinte massasjestavane ein får kjøpt på mange souvenir-butikkar.

Don JuanTagua-nøtterI bakgården fekk vi ei kjapp omvisning i produksjonen, som i hovudsak består av følgjande punkt:

1. La nøttene tørke og bli harde
2. Skjere skiver av nøttene
3. Sortere bort dei dårlige skivene
4. Skjere ut knappar av skivene
5. Sortere bort ei dårlige knappane

Don JuanNøttene vert skorne i passe tjukke skiver. Med fingerbøl på den eine handa og ein pinne i den hi, vert nøtta skove i full fart over sagbladet.

Don Juan bur i eit område der mange lagar desse kjende, kjære raude mursteinane. For å få mursteinane raude og harde, må dei brennast, og til å fyre opp i desse omnane, er nøtterestar faktisk ganske populært. Så sjølv om det er ein relativt stor del av kvar nøtt som ikkje vert brukt til å lage knappar, får don Juan òg selt unna overskotsmaterialet.

Kvar veke leverer han sekkar med knappar til ein eksportør, som sørgjer for hól-laginga før knappane vert eksportert ut av landet. Kanskje har du ei skjorte med knappar som don Juan har laga?

 

Don JuanDei finaste skivene får æra av å bli knappar.

Don JuanKnappeutskjeringsmaskina

Don JuanEin ungdom tener seg ein slant på å sortere ut dårlege knappar.

Don JuanKnappestøv/-avfall. Populært til å fyre opp med i omnar der ein brenn murstein.

Don JuanKlar til eksport..

Don Juan

 

Powered by Cornerstone