En støttegruppe for Misjonsalliansens arbeid i Ecuador
MisjonsglødI staden for å sende pengar opp i lufta, sender vennegjengen i Froland pengar til Ecuador. Vi takkar audmjukt!

Misjonsglød

Ein familie som reiste til Ecuador i 1986. Misjonærbarn, voluntørar og Noche Loca. Ein familie som reiste til Ecuador i 2011. Støttespelarar i Noreg. Vi snakker misjonsglød!

 

I 2005 var eg så heldig å treffe ei jente frå Froland. Dette skulle vise seg å verte min livs kjærleik. Ho hadde ein spanande bakgrunn, med sine sju år som misjonærbarn i Ecuador. Misjonsgløden hadde ho framleis då vi vart kjent, og ho hadde eit knallhardt kriterium: ”Viss du skal gifte deg med meg, må du love å bli med meg ut ein gong!” Det er misjonsglød, det!

I 2005 var eg så heldig å vere med i ein misjonskomité. Det var ein gjeng tidlegare voluntørar og misjonærbarn, deriblant nemnte kone, som så gjerne ønska å gjere noko for å samle inn pengar til misjonsarbeid i Ecuador. Dei hadde jo sett og opplevd kor viktig og bra arbeid som blir gjort utanfor Noregs grenser, og etter eit par månader var første Noche Loca eit faktum. Det er misjonsglød, det!

I 1986 var åtte ektepar i Froland samla på nyttårsaftan. Eit niande ektepar hadde reist til Ecuador. Dei åtte ektepara i Noreg stelte i stand ei utlodding, og inntektene gjekk til misjonsarbeid i Ecuador. Det niande ekteparet kom etter sju år heim igjen, men nyttårstradisjonen gjekk likevel sin gang. Ei av ekteparets ættingar har teke stafettpinnen vidare, og ingenting var meir naturleg for denne ektepargjengen enn at Misjonsalliansens arbeid i Ecuador no skal stå som mottakar av nyttårets overskot. Det er misjonsglød, det!

Seinast i går hadde eg ein lang tur i områda der Misjonsalliansen arbeider her i Ecuador, og eg kan garantere at innsamla midlar gjev konkrete resultat. I september besøkte Ingunn og eg ein av skulane som Misjonsalliansen har vore med og bygd. Der det kun var ein liten mur då, var det no kome opp to nye bygg! Slike drastiske, positive endringar gjer store inntrykk! Så TAKK til alle dykk som fortsetter og fortsetter og fortsetter å støtte misjonsarbeid i Ecuador! Det er misjonsglød, det!

Land
Arbeidsområde
Diverse
Folk
 

Powered by Cornerstone