En støttegruppe for Misjonsalliansens arbeid i Ecuador
Exploradores 2014
Represento el mañana

Exploradores 2014

Jeg representerer morgendagen
25. august - 16. september inviterer Misjonsalliansen avgangsklassene på alle sine samarbeidsskular med på ein annleis skuledag. Lat oss kalle den for den store leirskuledagen.

Denne leirskuledagen er ei ekstragåve til elevane på samarbeidsskulane våre. Vi ønsker å gje dei ein annleis og morosam dag, samstundes som vi òg håpar at dei skal lære noko. I fjor fekk elevane ein sightseeing-busstur og ein tur i byens planetarium, medan vi i forfjor tok dei med på ein båttur på Guayas-elva, samt til miniatyrmuseet, som tek for seg Guayaquils historie.

I år har vi alliert oss med kinoen Supercines 10 på kjøpesenteret Rio Centro Norte, der dei har eit opplegg som er tilpassa skuleklasser. Mange av borna på samarbeidsskulane vore har aldri vore på kino før, så det er ingen tvil om at dette er stort for mange. 

I dag var eg så heldig å få vere med skulen frå området Voluntad de Dios. Denne skulen er både ein barneskule og ein ungdomsskule, så både sjette- og tiande-klassingar skulle av garde i dag. Sjetteklassingane fekk sjå ein film om livet i havet, etterfulgt av ein spørsmålsrunde der dei skulle svare på ein kreativ måte, medan tiandeklassingane fekk ein litt meir komplett pakke om rusmisbruk. 3D-briller sørga for at den virtuelle reisa inn i kroppen vart skræmande verkeleg, og med mentometeret i handa vart ungdomane delt i to grupper for å svare på spørsmål og vise kven som hadde fått mest med seg.

Mentometeret vart òg nytta til nokre meiningsmålingar, der det kom fram at heile 70 % av desse tiandeklassingane kjenner til personar som rusar seg. Men verdt å nemne er òg at 87 % svarte at dei fekk endra synet sitt på narkotika etter dagens seanse.

Relaterte artikler
Arbeidsområde
 

Powered by Cornerstone