En støttegruppe for Misjonsalliansens arbeid i Ecuador
Firma de convenio

Firma de convenio

22 nye samarbeidsparntere
Torsdag 5. juni inviterte Misjonsalliansen til fest. 22 nye grupper ønsker å inngå eit samarbeid med Misjonsalliansen, og dette vert feira med å invitere til ei høgtidelig tilstelling der dei i tur og orden signerer samarbeidsavtalane.

Misjonsalliansens jobbar i hovudsak med tre typer samarbeidspartnarar: Lokalsamfunnsgrupper (lokalsamfunnskomité, kyrkjer, skular, sportsklubbar), nettverk og noko vi kallar strategiske partnarar. Blant dei 22 som skreiv under, var alle tre typane representerte - 10 lokalsamfunnsgrupper, 8 strategiske partnarar og 4 nettverk. Meir om desse forskjellige typane samarbeidspartnarar ein annan gong.

Dei ti lokalsamfunnsgruppene som skreiv under samarbeidsavtalen med oss, er tre skular, tre sportsklubbar, tre kyrkjer og éin lokalsamfunnskomité, og til saman har desse eit direkte nedslagsfelt på 10.000 personar. Tenk kva betydning samarbeidet med Misjonsalliansen kan bety for alle desse, og i tillegg alle som vert indirekte berørt av samarbeidet med Misjonsalliansen! Vi gledar oss stort over å ha fått dei med på laget!

Relaterte artikler
Arbeidsområde
 

Powered by Cornerstone