En støttegruppe for Misjonsalliansens arbeid i Ecuador
Norge - Dag 10

Donn 2 - Ecuador: 1-6

PlussbankCup 2013
Då var vi komne til vegs ende i året PlussbankCup, og Ecuador skulle for siste gong vise fram sambataktene. Ein utsending som hadde blitt litt vel ovanpå, overtalte speaker til å garantere mål. Det innfridde til dei grader!

Donn 2 - Ecuador: 1-6 (1-1)
2 x 15 min
Mål: 1-0 Donn (3), 1-1 Fabián (7), 1-2 Dalemberg (17), 1-3 Sjølvmål (19), 1-4 Fabián (21), 1-5 Dalemberg (26), 1-6 Ariel (27).

Donn augna nok eit aldri så lite håp då dei med sine store, staute, norske viking-kroppar klarte å setje seg i respekt allereie ette 3 minutt. Men det einaste dei oppnådde, var å vekkje dei nette, små samba-kroppane frå Ecuador. Etter å ha utlikna midtvegs i førsteomgang og deretter kontrollert kampen fram mot pause, viste Ecuador etter sidebyttet korleis ein verkeleg spelar fotball. Eit verdig punktum for årets PlussbankCup for Ecuador!

Takk!
Takk til alle som kom og heia oss fram til siger! Det var ei uforgløymeleg reise for ti små og to store ecuadorianarar. Tusen takk til PlussbankCup for eit fantastisk opplegg og for moglegheita til å delta i cupen! Vi sjåast igjen neste år!

 

Toppscorarlista:
8 - Ariel
7 - Fabián
5 - Dalemberg
1 - Abraham
1 - Anthony
1 - Sjølvmål

Relaterte artikler
 

Powered by Cornerstone