En støttegruppe for Misjonsalliansens arbeid i Ecuador
Norge - Dag 8 (Kenya og Våg)

Ecuador - Våg 6: 0-6

PlussbankCup 2013
Dagen då ingenting stemde.

Ecuador - Våg 6: 0-6 (0-2)
2 x 15 min
Mål: 0-1 Våg (3), 0-2 Våg (6), 0-3 Våg (s.m., 17), 0-4 Våg (19), 0-5 Våg (23), 0-6 Våg (27)

I dag stod det kun éin kamp på programmet, og det var mot Våg 6. Etter namnet å dømme skulle ein tru det dreide seg om ei sjettesortering, men der tok vi grundig feil! Vi vart i etterkant fortalt at Våg 6 er eit av dei aller beste G12-laga her i regionen, så det var eit lite plaster på såret for dei nedslåtte ecuadorianarane som gjekk av bana med tårer i augekroken. Tenk å tape heile 6-0 for nokre bleikfeite nordmenn!

Kenyakamp
Eit større plaster på såret fekk dei eit par timar etterpå, då Kenya inviterte på vennskapslandskamp. Det bikka litt fram og tilbake, men til slutt var det Ecuador som drog i land ein 6-4-siger. Det skulle vel kanskje berre mangle, då kenyanarane var 11 år. Men i motsetnad til ecuadorianarane, som er plukka ut etter åtferd, kjem kenyanarane frå eit fotballakademi, så då er det vel likevel ikkje så rart at det vart så jamt som det vart.

Diskotek
Stemninga steig endå meir utpå kvelden, då det var tid for årets diskotek på PlussbankCup, der overbegeistra 8-12-åringar trassa fråveret av sommarvarmen og heldt ut i dei to timane som var avsett til denne sekulære aktiviteten. Moro for unga!

 

Toppscorarlista:
2 - Ariel
2 - Fabián
1 - Abraham
1 - Dalemberg

Relaterte artikler
Relaterte lenker
 

Powered by Cornerstone