En støttegruppe for Misjonsalliansens arbeid i Ecuador
Norge - Dag 7

Ecuador - Ålgård 1: 6-3

PlussbankCup 2013
I dag spelte Ecuador sin første kamp på PlussbankCup. Trenden vi har sett tidlegare med å ligge under i starten og heller kome tilbake, viste seg i dag òg.

Ecuador - Ålgård 1: 6-3 (2-2)
2 x 15 min
Mål: 0-1 Ålgård (3), 0-2 Ålgård (5), 1-2 Fabián (11), 2-2 Ariel (13), 2-3 Ålgård(21), 3-3 Abraham (25), 4-3 Dalemberg (26), 5-3 Fabián (26), 6-3 Ariel (30).

Som i treningskampane mot Evje og Langenes, gjekk motstandaren opp i leiinga òg i denne første kampen åt Ecuador i PlussbankCup 2013. Gutane fekk etterkvart samla seg og viste fram noko av det beste i latinsk fotball. Klikk-klakk, teknikk og fotballblikk er beskrivande ord for det publikum fekk oververe denne kampen.

Det stod 2-2 til pause, og i andre omgang starta igjen Ålgård friskast, med ei perle av eit frispark. Nok ein gong tok Ecuador seg saman, og på to minutt hadde dei plutselig putta tre mål og gått frå å ligge under med eitt mål til å vere i føringa med to. Sjette og siste mål kom heilt på tampen av kampen og sette eit verdig punktum for ein god opningskamp.

Toppscorarlista:
2 - Ariel
2 - Fabián
1 - Abraham
1 - Dalemberg

Relaterte artikler
 

Powered by Cornerstone