En støttegruppe for Misjonsalliansens arbeid i Ecuador
Norge - Dag 6

Norge - Dag 6

Tradisjonen tru måtte vi ein tur i Dyreparken for å vise fram dyresortimentet, Tømmerrenna og Badelandet. Tradisjonen tru vart det òg i år suksess!

Etter ein sein kveld på Langenes, var det ein trøtt gjeng som tok bussen til Dyreparken fredag morgon. Men etter å ha kvilt auga på bussturen, var det full fart i Dyreparken. Tømmerrenna vart i år, som i fjor, den store favoritten. Men òg løver, apar, giraffar og sebraer fanga merksemda til våre celebre gjestar. Etter at Vårherre opna slusene utpå ettermiddagen, freista det ikkje like mykje med utandørsaktivitetar, men då var Badelandet meir freistande. Etter til saman åtte fartsfylte timar i Dyreparken, var det ein gjeng som var minst like trøtt på bussturen heimatt.

I motsetnad til norske tolvåringar, drikk fleire av dei ecuadorianske kaffi (do med mjølk og kaffi), så sjølv om bussturen kanskje tyda på at det kunne verte ein tidlig kveld, ville kaffitilgjengelegheita på kveldsmaten det annleis...

Relaterte artikler
Relaterte lenker
 

Powered by Cornerstone