En støttegruppe for Misjonsalliansens arbeid i Ecuador

Norge - Dag 5

Frå Evje tok vi turen til det blide Sørland for å besøke den tidligare utsendingsfamilien Mersland.

Roy og Nina diska opp, og med gutane Bendik og Johannes på same alder, som var ein månad i Ecuador i vår for å friske opp spansken, vart det topp stemning heile dagen. Vi var innom skulen deira på den siste skuledagen for å helse på, og då ecuadorianarane vart bedne om å presentere seg for fullsatt gymsal, var det full applaus i eit heilt minutt frå alle 280 elevane.

Fisketur
Vidare bar det ut på fisketur og øybesøk på Helgøya, før Nina serverte grilla kylling med ris og linse- og bønnestuing. Av ein eller annan grunn er det alle ecuadorianarars yndlingsmåltid. Etterpå strauma born til frå nabolaget, og dei frå Ecuador vart introdusert for norske selskapsleikar, som potetløp.

Landskamp
På kvelden var det vennskapskamp mellom Langenes G12 og Ecuador. Ecuador prøvde på nok ein snuoperasjon, men med 5-0 til pause i favør Langenes, hjalp det lite at Ecuador vann andreomgongen 2-4. Vi vel å fokusere på andreomgangen og trøste oss med at Langenes G12 er eitt av dei aller beste G12-laga her på Sørlandet. Då er ikkje sluttresultatet på 7-4 så gale likevel.

Relaterte artikler
Relaterte lenker
 

Powered by Cornerstone