En støttegruppe for Misjonsalliansens arbeid i Ecuador

Norge - Dag 4

Evje - Ålgård. Snuoperasjon frå 4-0 til 5-5!
I dag braut vi opp frå Ålgård og sette snuten mot Evje.

Vi tok vegen via Suleskaret i håp om å få snø. Godt førebudd som eg var, hadde eg kjøpt med bossekkar til å ake, og eg hadde skyhøge forventningar. Diverre var snøflekkane heller sporadiske, og der vi valte å stoppe, var det så knapp haling at det ikkje vart noko fart å skryte av, akkurat. Skuffande nok mot eg tusle innatt i bussen etter knappe fem minutt. Det var visst litt kaldt, sa dei.

Sol i vest, regn i sør
Med nokre solfylte dagar bak oss i Ålgård, tok vi det nærmast som ei sjølvfølge at det var sol lenger sør. Men idet vi gjekk ut av minibussen på TrollAktiv på Evje, opna slusene seg, og det vart ein heller våt dag på Evje. Men veret la inga demping på stemninga. Det vart klatreveggar, løypestreng og skyting med pil og boge.

Snuoperasjon
Det som nok likevel vart dagens snakkis, var snuoperasjonen som fann stad på Evje stadion. Etter ei heller laber opning og 4 baklengs, såg det mørkt ut ei stund. Men mot slutten av omgangen henta gutane seg inn igjen og kunne ta pause på 4-2 i favør Evje. Etter pause var det igjen Evje som opna best og gjekk opp til 5-2. Men derifrå og inn var det berre eitt lag på bana, og vi må vere såpass audmjuke at vi må seie at det er Evje som har størst grunn til å vere nøgd med 5-5. Med alle sjansars mor, bestemor og oldemor, var det litt surt å gå heim med ein uavgjort i sekken.

Relaterte artikler
 

Powered by Cornerstone