En støttegruppe for Misjonsalliansens arbeid i Ecuador

Norge - Dag 2

Ålgård-Ecuador: 1-7
Dagens høgdepunkt må seiast å vere kveldens stormatch på Ålgård stadion. Med leikande lett klikk-klakkspel og eit hav av svidde sjansar, kan igrunn Ålgård-laget vere nøgde med at det ikkje vart fleire enn 7 baklengs.

Men dagen starta ikkje her. Dagen starta på ungdomsskulen i Dirdal, der borna fekk presentere seg for tre skuleklasser, før dei vart invitert på kyllingsuppe med flatbrød, før det bar vidare til mini-VM mellom Noreg, Shetland og Ecuador. Ei vennskapsklasse frå Shetland var nemlig på besøk i Dirdal, så dagen i dag var internasjonal dag.

Etter eit brak-tap for eldre, større og kraftigare gutar smakte det godt med siger på straffekonk mot Shetland. Og stemninga steig enda eit hakk ved kakebordet etterpå!

Dagens høgdepunkt må vel likevel seiast å vere kampen mot Ålgård. 1-7 i favør Ecuador gav eit realt løft til sjølvtillitten, så no byrjar dei å sjå fram til PlussbankCup-kickoff på laurdag.

Relaterte artikler
 

Powered by Cornerstone