En støttegruppe for Misjonsalliansens arbeid i Ecuador
Siste samling før Noreg

Siste samling før Noreg

I dag hadde vi siste møtet på kontoret med fotballaget som skal til PlussbankCup i Kristiansand. Fredag er den store avreisedagen.

Det var glede å spore i auga på borna som møtte opp på kontoret i dag. No nærma det seg verkeleg den store dagen. Fredag set vi snuten mot Noreg. For born som nesten ikkje har reist utanfor bygrensa, og iallefall aldri reist med fly før, vert dette deira hittil livs aller største reise, for ikkje å seie den største opplevinga.

Siste samling før NoregØving på framsyningsnummerI dag hadde vi eit siste informasjonsmøte før avreise. Kor mange bukser, sokkar, badeshortsar og sko skal med? Tenk at det er ein eigen skjerm i kvart einaste flysete med tonnevis av filmar på! Spørsmåla, forundringane og kommentarane var mange.

Ti håpefulle og spente born. Tjue forventingsfulle og bekymra foreldre. Ein lukkeleg og gira trenar. To takksame og ansvarstyngde tilsette i Misjonsalliansen. Mange magar med sommarfuglar.

No brakar det laust!

Relaterte artikler
 

Powered by Cornerstone