En støttegruppe for Misjonsalliansens arbeid i Ecuador
Ein hyllest til våre fasilitatorar - og til deg!

Ein hyllest til våre fasilitatorar - og til deg!

Det er fredag. Siste arbeidsdag før jul. Siste arbeidsdag i 2012, faktisk. Gangane på kontoret er tomme - fasilitatorane har teke juleferien på forskudd. Og det vel fortent:

Fasilitatorane - eller feltarbeidarane, om du vil - er dei som verkeleg gjer den store jobben her i Misjonsalliansen i Ecuador. Det er dei som kvar dag er ute i "sonene" og møter mennesker. Som utsending er eg så heldig at eg har ei relativ stabil arbeidsrytme, meir eller mindre som den norske 8-16-dagen. Fasilitatorane må derimot tilpasse seg våre samarbeidspartnarar si døgnrytme. Og er denne samarbeidspartnaren til dømes ein lokalsamfunnskomité, så betyr jo det at samlingar må finne stad etter arbeidstid eller i helga.

Fasilitatorane - det er dei som legg til rette for at menneske utan mykje økonomiske og materielle ressursar kan utrette ting i nærmiljøet likevel. Med undervisning om konstruktive tankemåtar, kontaktformidling til andre instansar, kontinuerlig motivasjon kombinert med eit brennande engasjement og tru på det dei driv med, er det fasilitatorane som på mange måtar skal ha mykje av æra til Misjonsalliansens resultat.

Fasilitatorane - det er dei som hadde sitte på ein stol i ei heilt anna bedrift og gjort ein heilt annan jobb, om det ikkje hadde vore for givarar i Noreg. Misjonsalliansen er økonomisk bidragsytar til prosjekta som våre samarbeidspartnarar ønskar å gjennomføre. Utan pengar, hadde ikkje Misjonsalliansen vore noko å snakke om. Utan givarar og støttespelarar i Noreg, hadde ikkje Misjonsalliansen vore noko å snakke om.

Utan deg hadde verda sett annleis ut!

Tusen takk for all støtte i 2012! Eg freistar meg til å påstå at du faktisk ikkje er klar over kor viktig du er for oss! Så nok ein gong: Tusen takk!

Land
Arbeidsområde
 

Powered by Cornerstone