En støttegruppe for Misjonsalliansens arbeid i Ecuador

Misjonsalliansen i Ecuador 18 år

Tidlegare i haust fylte Misjonsalliansen i Ecuador 18 år. Dette vart markert med ein heilaften i slutten av november, der Misjonsalliansen inviterte støttespelarar, gjevarar og lokale samarbeidspartnarar til ein festkveld. I tillegg var vi så heldige at SoulChildren-ungdomar frå World Wide Walk-linja på Bibelskolen i Grimstad tok utfordringa på strak arm og stilte opp!

Vi har jo blitt 18 år her ute, og når ein er vorten myndig, er det klart at det må feirast med brask og bram! Kvelden onsdag 21. november vart sett av til å feire denne store milepælen. Sjølvaste krystallpalasset (Palacio de Cristal) på elvebreiddpromenaden Malecón 2000 var leigd for anledninga.

Festen skulle starte kl 1830, og så tidleg som kl 19 byrja lokalet å fylle seg opp. Festen gjekk av stabelen mindre enn ein time forseinka, som jo i seg sejølv er ein milepæl i Ecuador. På tapetet stod variert, lettfordøyelig program, og det heile vart leia på profesjonelt vis av morgonnyhendeankeret i tv-kanalen Ecuavisa. Av programinnslaga skal eg ikkje ramse opp anna enn stringkvartett, direktørtale, lokalsamfunnsprosjektansvarligtale, metalltakkeplateutdeling, barnedans, SoulChildren-soulframføring, stringkvartett igjen og fingermat frå servitørar i svart og kvitt. Sjå elles biletserien i botnen av saka.

SoulChildren, sa du?
Bibelskolen i Grimstad har ei linje som heiter World Wide Walk. På denne går det mellom anna nokre ungdomar med bakgrunn frå SoulChildren. Desse kom hit til Ecuador ei knapp veke før den her skildra happeningen og skal vere med som ein slags volontørar i arbeidet som Misjonsalliansen driv, med utgangspunkt i lokale kyrkjer. I haust er dei i fjella og lærer seg spansk, men til jul kjem dei ned til Guayaquil igjen. Sjå deira tre songar lange opptreden i video øvst på denne sida.

 

Powered by Cornerstone