En støttegruppe for Misjonsalliansens arbeid i Ecuador
4000 blyantar

4000 blyantar

4000 blyantar. "Kvifor det, José?"

Då eg kom på jobb i dag, flaut det av blyantar på pulten til José. José er den på kontoret her i Ecuador som tek seg av fadderordnigna, så det ante meg at det kunne ha noko å gjere med det. "Kor mange blyantar har du her, José?" spurte eg. "4000," svarte han med den største sjølvfølge.

"Kva skal du med 4000 blyantar, José?" "Jo, no skal du høyre," sa han og forklarte at når han reiser rundt til samarbeidsskulane og tek bilete av fadderborna, så er det ikkje alle foreldra som med det første skjønar kvifor ein skal halde på å ta slike bilete. "Då er det godt å ha denne blyanten, der det står 'represento mañana' ('eg representerer morgondagen'). Vi kallar nemlig ikkje borna for 'fadderborn', men 'representantar'. Og så kan eg forklare vidare utifrå det. Og i tillegg er jo blyanten nyttig på skulen, òg," seier han og smiler.

Tenk det då - 4000 fadderborn på 17 samarbeidsskular. Tenk den innflytinga dei kan ha på lokalsamfunnet sitt med tida! Eg skimtar ei framtid med håp!

Relaterte artikler
4000 blyantar"Eg representerer morgondagen"
Land
Arbeidsområde
Folk
 

Powered by Cornerstone