En støttegruppe for Misjonsalliansens arbeid i Ecuador
Strategisk møteJuan Guamán, ein ny "Amigo Especial"

Strategisk møte

Misjonsalliansen i Ecuador jobbar for tida med å få på plass ei lokal fadderordning. Slikt tek tid, og eg beundrar verkeleg pågangsmotet og iveren dei lokale arbeidarane her på kontoret har i jakta på nye givarar. I førre veke hadde dei eit "strategisk møte" på ei bedrift for å kapre faddarar blant dei tilsette.

Molemotors, ei bedrift som jobbar med metallstrukturar, åpna dørene sine for Misjonsalliansen, slik at vi kunne kome og presentere arbeidet som vert gjort på sentra Creer. I samband med dette, var der òg til stades ei gruppe med studentar frå desse sentra.

Strategisk møteArbeidarane i Molemotors viste interesse for arbeidet som vert gjort der, og særleg for den delen av opplæringa som går ut på å lære studentane praktiske kvardagsting. Besøket resulterte i heile fem "Amigos especiales" (spesiell venn), som er omgrepet som vert nytta om lokale faddarar. Juan Guamán som er avbilda øvst i saken var ein av desse.
 
Vi takkar Molemotors for moglegheita til å presenteret arbeidet vårt, og vi takkar for bidraget til sosial utvikling!
Relaterte lenker
Strategisk møte
Land
Arbeidsområde
 

Powered by Cornerstone