En støttegruppe for Misjonsalliansens arbeid i Ecuador
Mall El FortínGrafikk: mallelfortin.com

Mall El Fortín

I april, eit par veker før vi reiste heim til Noreg, hadde det kome opp eit langt gjerde langs hovudvegen, på nabotomta til Misjonsalliansens kontor. Vi tenkte ikkje så masse over dette, men då vi kom tilbake og hadde vår første dag på kontoret igjen i forgårs, var det hengt opp banner på heile dette lange gjerdet. "Mall El Fortín" stod det der.

Fortín er namnet på området der kontoret vårt ligg og er nærmast å rekne som inngangsporten til sonene der vi jobbar. "Mall" er ordet som vert nytta for kjøpesenter.

Mall El FortínMall El Fortín vert Misjonsalliansens nærmaste naboFrå lunsjterrassen på kontoret kunne vi speide utover tomta, og der utgjorde bilar, gravemaskiner, arbeidarar, politi og kelnerar det som såg ut til å vere ei slags åpning av ein byggeprosess. Og ganske riktig - avisa el Universo kunne bekrefte dette: Måndag 2. juli 2012 vart grunnsteinen til Mall El Fortín lagt, og planen er at kjøpesenteret skal åpne i oktober 2013. Senteret vil ha ei grunnflate på 56 000 m2 og har ein prislapp på $18 millionar. 

Finesser
Nokre av finessene som kjøpesenteret kan skilte med, er følgjande:

  • 600 parkeringsplassar
  • 100 butikkar
  • 17 restaurantar med felles "matsal" (eller "patio de comida", om du vil)
  • "Patio de comida" med plass til 300 bord
  • Kino med 4 kinosalar

Men ikkje nok med det!
Dette kjøpesenteret er ein del av eit større prosjekt; rundt kjøpesenteret skal det nemlig byggast 400 boligar, ein gravplass, eit badeland og eit vassreinsingsanlegg.

Hovudvegen som går forbi kjøpesenteret kan samanliknast med Ring 3 i Oslo. Sjølve byen ligg på ein måte på innsida. Men det er på utsida av denne vi finn sonene der Misjonsalliansen jobbar, og Mall El Fortín vert bygd nettopp på denne sida. Plasseringa av kjøpesenteret er difor heilt unik i Ecuador!

Så får vi sjå då, om dette tiltaket kan vere med på å minke skilnadene mellom fattig og rik i millionbyen Guayaquil.

Relaterte artikler
Relaterte lenker
Mall El FortínGrunnsteinsnedleggingsseremoni
 

Powered by Cornerstone