En støttegruppe for Misjonsalliansens arbeid i Ecuador
Sjå! Snø!

Sjå! Snø!

"Kan vi stoppe og ta på snøen?" "Ja, men vi skal berre litt lenger opp." "Neeei, stopp no - vi vil ut! Slepp oss ut!" Turen oppover mot Suleskaret vart ei tålmodsprøve for jentelaget som aldri i livet har vore i nærleiken av snø før.

Fredag 16. juni kom endelig jentene vi så lenge hadde venta på. Vi hadde først nokre dagar på Ålgård med dei avdanka misjonærfamiliane Bjerkreim og Eidsaa. Dei stilte verkeleg opp med ei dugnadsånd eit bygdefolk verdig! Grilling, treningskamp, klatring, jolletur med påhengsmotor og eit besøk i Kongeparken var noko dei fekk oppleve her. På onsdag gjekk turen vidare til Evje og Troll Aktiv.

Sjå! Snø!På vei til Evje tok vi turen gjennom Suleskaret og stoppa for å leike i snøen. Ein skal ikkje sjå bort frå at dette vert einaste gongen i livet dei får oppleve nærkontakt med denne ”isen”, som dei kalte det.

I Evje var det duka for Klatreskogen – ein aktivitetspark med plattformer i trea som heng saman med ymse former for hengebruer og liner. Dette vart òg useieleg populært!

PlussbankCup
Til helga startar PlussbankCupen. Med tanke på eventuelle tilreisande publikum, har vi fått litt ugunstige speletidspunkt. Men nevertheless, det hadde vore triveleg om du hadde komt og heia fram Ecuador! Alle kampane vert spelt på Flekkerøya, og kampprogrammet ser slik ut:

Dag og dato

Klokkeslett

Bane

                     Kamp

Laurdag

23.6.

08:00

Modena C7

Ecuador

-

Sandved 1

 

 

10:20

Modena A7

Bjerkreim

-

Ecuador

 

 

 

 

 

 

 

Sundag

24.6.

19:40

Color Line E7

Ecuador

-

Egersund

 

 

 

 

 

 

 

Måndag

25.6

10:55

Modena C7

Viking 1

-

Ecuador

 

 

13:15

Modena B7

Flekkefjord

-

Ecuador

 

 

15:35

Color Line E7

Ecuador

-

Arna-Bjørnar Rød

 

Relaterte artikler
 

Powered by Cornerstone